I over 3000 år sat fyrstar og kongar på Avaldsnes og kontrollerte skipstrafikken langs Norskekysten og handelen med Europa. Felles for dei alle var at dei hadde nær kontakt med andre folk og andre land.
Den internasjonale kontakten gav dei kulturimpulsar, nye idear, kunnskap, alliansepartnarar og stor rikdom.
På Avaldsnes har desse fyrstane lagt etter seg mange spor i kulturlandskapet. Dei har gitt oss store gravhaugar, høge bautasteinar og rike funn.
KONGAR MED GULLRINGAR, HESTAR, VÅPEN OG SKIP
Nokre av fyrstane kjenner vi frå arkeologien. Då må vi tolka funn, gravleggingsmåtar og hustufter etc. for å danna oss eit bilete av kven dei var og korleis dei levde sine liv.
Andre av desse fyrstane kjenner vi frå kongesoger, heltesoger og gamle kvad. Nokre av dei har fått heile soger dikta om seg. Andre har kanskje berre fått ei kort omtale i eldgamle historiebøker som Landnåmabok og Flateyarbok.
HISTORISKE OG MYTISKE KONGAR
Nokre er halvmytiske kongar som eksisterer i grenselandet mellom magi og røyndom. Andre er historiske kongar som vi kjenner frå mange kjelder mellom anna kongesogene.
Det kan av og til vera vanskeleg å skilja kva som er verkeleg og kva som er dikting. Kanskje er det heller ikkje så viktig, så lenge den magiske verda av kongar med guddommelege forfedre, halvt himmelske skjoldmøyar, norrøne gudar, alvar og talande dragar var verkeleg for dei som levde sine liv gjennom hundrevis av år før vår tid.